Den varme sommaren fører til massiv smelting av isen i høgfjellet.

– Vi brearkeologar følgjer nøye med på situasjonen. Nå kom det fyrste rapporterte funnet; ein skremmepinne frå jernalderen. Vanlegvis kjem det fyrste funnet i midten av august. Dette kan bli ein heftig feltsesong, skriv fylkesarkeolog Lars Pilø på heimesida til «Secrets of the ice».

Det har ikkje lykkast Fjuken å få tak i Lars Pilø – eller dei andre arkeologane. Derfor har vi heller ikkje lykkast å finne ut når årets «leitesesong» tek til.