178 deltakarar stilte på startstreken under årets Molde Challenge laurdag. Ingen kunne tukte junioren Tormod Weydahl frå Ottadalen Sykkelklubb.

Junioren frå Vågå sykla ein stor del av løypa i Moldemarka einslag etter at heimefavoritt Håkon Johannessen måtte sleppe.

På Varden var det over eitt minutt som skilde dei to. Da avstanden i mål hadde auka til nærare ni minutt forstod både syklistane og arrangøren at noko måtte vere feil. Fyrst etter at Weydahl og Johannessen hadde samanlikan sine GPS-spor, vart feilen oppdaga.

Det var Romsdals Budstikke som fyrst omtala saka.

Tormod Weydahl hadde aldri tidlegare sykla i Moldemarka og tok feil i eit kryss utan løypevakt der merkinga om kvar løypa gjekk, var fjerna.

Å diske den unge vagværen var aldri noko alternativ for arrangøren Molde Sykkelklubb.

Håkon Johannessen som vart nummer to, meinte det ville vere feil å kåre han til vinnar i og med at Weydahl ville vunne uansett om han ikkje hadde sykla feil.

Tormod Weidahl seier til Romsdals Budstikke at han er nøgd med å ha sykla fyrst og einsleg det meste av rittet, men skulle gjerne unngått snarvegen som gjorde at han kom i mål ni minutt før andremann.

– Det var knallfint å sykle. Fin løype og fine forhold. Eg sykla einsleg di siste tjuge kilometrane. Litt rart dersom eg sykla feil. Eg kan ikkje skjønne kvar eg kan ha tatt feil, var 17-åringens kommentar til avisa etter at han passerte målstreken.