Finndalen viser seg frå si beste side, der fjellstyreleiar Steinar Håkenstad og fjelloppsyn Ketil Gutubø har sett seg ned på Odden. Med sol og blå himmel er det slike dagar mange finn vegen inn i denne perla av ein fjelldal. Både med bil og sykkel.

– Finndalen har med åra vorte meir kjent blant folk. Her kjem også utanlandske bubilar, seier Steinar Håkenstad.

Finndalen fjellstyre har sju representantar; tre frå Lom, to frå Vågå og to frå Skjåk. Vervet som styreleiar rullerer mellom dei tre kommunane.

På Odden har fjellstyret sett opp utedo med søppelskur for å leggje til rette for den auka trafikken. Likeeins er det sett opp liknande på Vangen. Fjellstyret har i mange år hatt ansvaret for å tømme utedoen på fjellcampingen ved Brettingi. I tillegg har dei ansvaret for vedlikehald av informasjonstavlene i dalen.

For dei som vil til fjells har Finndalen fjellstyre to buer for utleige; Honnsjobue og Råkåbue.

Bua ved Honnsjoen var ferdig nyrestaurert i vår. Halvor Dalen og Ketil Gutubø har restaurert bua som har to sengeplassar.

– Det er plass til fleire dersom ein er vel forlikte, seier Steinar Håkenstad.

Råkåbue er noko større og betre utstyrt. Til båe buene høyrer det med båt og fiskegarn til låns. I tillegg har fjellstyret båt på Stor-Lusa til utlån.

Elles har fjellstyret også ansvaret for vedlikehald av tre steinbuer inni fjellet; Gråhøbue, Ryggehøbue og Lauvhalsbue. Dette er buer som står opne og er brukt under kvil i reinsjakta.

Fjellstyreleiaren fortel at alle innbyggjarane i dei tre kommunane i Ottadalen har like fiskerettar i Finndalen.

– I Honnsjoen er det fin fisk, seier Ketil Gutubø.

Han fortel at nokre fiskarar frå Lom og Skjåk har fiska hardt der nokre år for å kultivere vatnet. Råkåvatnet har dei siste åra hatt ufortent rykte på seg for å ha liten fisk.

– Vi prøvefiska i fjor og det ser bra ut nå, seier Gutubø.

Håkenstad fortel at det her er både naturleg yngling og sleppt fisk.

Til hausten har fjellstyret planar om å byggje ny bru over Råkåelva på Vangen.

– Brua skal byggjast 200-300 meter ovanfor der dagens bru er. Vi har fått 100.000 kroner i støtte frå nasjonalparkstyret for Reinheimen til dette, seier Håkenstad.

Finndalen fjellstyre har fått løyve til å bruke helikopter for å frakte materialar til nybrua. Det er Stokk og Stein som skal byggje brua som er rekna til å koste 120.000 kroner.

Ved Råkåvatnet ligg Råkåbue. Det høyrer med båt og utlån av fiskegarn. Foto: Arve Danielsen/arkiv
Denne bue ved Honnsjoen er nå nyrestaurert. Bue har to soveplassar. Også her høyrer det med båt. Alle innbyggjarane i Ottadalen har like fiskerettar. Foto: Ketil Gutubø
Ved Odden, har fjellstyret sett opp utedo med søppelskur. Foto: Arve Danielsen