Onsdag denne veka opna Liv Ulsanden dørene til den gamle kantina på den tidlegare husmor- og landbruksskulen på Klones.

Ho er tilsett for å styre kafeen og med overnatting i hovudbygningen på Klones.

Ulsanden fortel dei vil by på enkel mat, vaflar og kaffe.

– Vi vil også ha enkel varmmat, seier ho.

I tillegg til kafédrift, tek ein også på seg servering for lukka lag.

– Det var mykje selskap her i fjor og på etterjulsvinteren, seier ho og nemner bryllaup, jubileum og gjensynsfestar for tidlegare elevar ved skulen.

Ulsanden tykkjer det er rart at det så langt ikkje har vore nokon som har hatt minnestund etter gravferd her. Men, det kjem nok, trur ho.

– Klones er ein roleg og triveleg plass for slikt, seier Liv Ulsanden.

I andre etasje på hovudbygningen er det 13 rom for utleige i det som var jenteinternatet. «Hønhuset» som det blir kalla.

– Det er ein trend med overnatting på slike plassar, seier Liv Ulsanden.