Fire tilsette mistar jobben, i tillegg til butikksjef og franchisetakar Daniel Skriden Tangen.

Regionsjef Egil Gerhardsen seier til Fjuken at omsetnaden ikkje er høg nok.

- Det er bra om sommaren, men om vinteren er det for lite handel, rett og slett. Vi skal vera lågast på pris, så det er ikkje aktuelt å auke prisane. Dermed vart konklusjonen som han vart: Nedlegging, stadfestar Gerhardsen.

Rema 1000 i Lom vart etablert i 2009. Dei fyrste åra skreiv Fjuken ofte om rekordomsetnad, mykje folk og stor trafikk og handel. Men så snudde det.

– Det har snudd litt dei siste åra, ja. «Storheitstida» var i starten, og så vart det rolegare, men eg vil seia at omsetnaden aldri har vore så høg som vi har ynskt. Og som sagt: I vinterhalvåret, utan turistar, er trafikken altfor liten, seier Gerhardsen.