– Ein kar frå Lom kom køyrande over brua ved 2-tida om natta. Da såg han fire-fem ungdomar som dreiv med dette «karstykket», nemleg å øydeleggje blomekassene og hive blomane på Bøvra, fortel Jonny Gundersen, overbetjent ved lensmannskontoret i Lom.

Vitnet har fortalt at han ikkje kjende ungdomane i det heile tatt. Derfor er han óg nesten heilt sikker på at dei ikkje var frå Lom. Vitnet meiner ungdomane var i alderen frå 16 til 20 år.

– Dermed kan det handle om ein liten gjeng ungdomar frå ein av nabokommunane, det kan vera skiungdomar eller det kan vera turistar. Ettersom hærverket skjedde såpass tidleg på natta, er vi heilt sikre på at det var fleire som såg det som skjedde. Det er truleg berre eit tidsspørsmål før vi finn ut kven som stod bak. Derfor: Ta ansvar for det som er gjort - og meld dykk sjølve. Da er Lom kommune interesserte i å koma fram til ei minneleg løysing, oppmodar Gundersen.