I følgje NRK Sogn og Fjordane har dei to bilane kollidert om lag midt i tunnelen ved ein bom som blir brukt for å stenge vegen om vinteren.

Det var fem personar i dei to bilane.

Luftambulanse og fire sjukebilar vart sendt ulykkesstaden som ligg på grensa mellom Sogn og Fjordane og Oppland.

Politi og brannvesen frå både Stryn og Skjåk rykka også ut til ulykka på fjellet.

Vest politidistrikt opplyser til NRK at alle dei fem skal ha kome seg ut av bilane, og at det reint fysisk går bra med fire av dei. Ein person blir sjekka av helsepersonell som har kome til staden.

To bilar har frontkollidert i Oppljostunnelen. Foto: Hans Erik Kjosbakken