«Gjennem den nye Vei fra Grjotli til Stryn og Meraak er baade Nordfjord, Geiranger og Søndmør ad denne Rute sat i direkte Forbindelse med Christiania og Østlandet».

Bennets Reisehaandbog over Norge frå 1912, av Professor Dr. Yngvar Nielsen, skildrar svært detaljert reiseruter over heile landet.

Nielsen fekk rett, ruta gjennom Ottadalen til fjordane er, over 100 år etter, «beferda».

I 1912 var det ikkje el-bilar som fór gjennom dalen, men ordentlege hestekrefter.

Ikkje tok det fem-seks timar heller. Skulle ein til Meraak (Geiranger) måtte ein rekne med tre dagar på turen, og ein måtte ut med 55 kroner for tog og hesteskyss og 20 kroner til hotellutgifter. Dette tilsvarar om lag 4.500 kroner i dag. Altså ei betydeleg utgift, og truleg noko berre dei meir «kondisjonerte» kunne ta seg råd til.

Sidan jernbanen var forhaldsvis kjapp kom ein heit til skysstasjonen Sørem i Vågå fyrste dagen. Rett nok ikkje med toget dit, men med sein ankomst Otta, rakk ein ikkje lenger enn til Vågå før kvelden og natta var der.

Før Sørem skildrar Nielsen Lalm; «en aflukket Byg, med venlig Natur».

Forutan Sørem blir skysstasjonane Bruvik, Frisvold, Aanstad og Flekkøi nemnd. Men ein finn òg hotell som eksisterer i dag, som Fossberg, Fossheim, Pollfoss og Grotli.

«Fra Fossberg anbefales en Udflugt til Lomseggen som meget lønnende. 4-6 Timers Gang frem og tilbage. Storartet Skue over Jotunheimen. Fører kan faaes på Fossheim til en Pris af Kr. 2.00 for 1 Person. En Hytte er opført paa Eggen, hvor den Reisende, om ønskes kan overnatte.

I Skjåk går vegen frå Ånstad «paa nybygget Vei i et temmelig ensformigt Landskap og over den nye Vollungsbro, der er den største Stenbro i sit Slags i landet».

Forfattaren Yngavr Nielsen (1843-1916) gav ut ei mengde bøker. Mest kjent er kanskje Reisehaandbog over Norge (1879). Ho kom 12 opplag og betydde mykje for fotturismen i Noreg. Han var òg ein tidleg forkjempar for å opprette naturreservat i Noreg. (Wikipedia)

Den vesle boka er tettpakka med informasjon og inneheldt alt ein reisande trengde for vel 100 år sidan. Foto: Hans Erik Kjosbakken
Mellom annonsane bak i boka, finn ein denne frå Grotli. Det kosta mindre å overnatte enn å eta i 1912.