– Vi er i dialog og i forhandlingar, men kven det gjeld – eller kva bransje det er – kjem eg ikkje til å seia. Slike ting må kundane våre ut med sjølve, seier han.

Å drive handel i distriktskommunar, inkludert kommunane i Nord-Gudbrandsdalen, blir ei stadig større utfordring, meiner Teksum.

– Folketalet går ned år etter år, og det betyr sjølvsagt at det stadig blir færre til å handle, anten det gjeld daglegvarer eller andre ting.

– Fryktar du at lokalet etter Rema 1000 i Lom skal bli ståande tomt?

– Det er noko eg alltid er redd for, naturleg nok. Trass i at vi, som sagt, er i forhandlingar med ein konkret interessent, vil eg gjerne høyre frå andre som eventuelt måtte vera interessert i å etablere seg der. Målet mitt er å sy saman bransjar som passar saman og som i heilskap kan resultere i mykje trafikk og handel i heile senteret, svarar Per Tore Teksum.

Butikksjef og franchisetakar i Rema 1000 i Lom,  Daniel Skriden Tangen, seier til Fjuken at totalmarknaden for daglegvare - med såpass få innbyggjarar som i Lom - blir for lågt til at tre store aktørar skal konkurrere.

– Vi hadde ein liten omsetningsssvikt i 2017, men dette har vi henta inn att i år. Hittil i år har vi ein omsetningsvekst på 11,5 prosent. Vi har aldri hatt så høgt omsetning i mai, juni og hittil i juli enn det vi har hatt i år. Men trass i at vi har bra vekst, vil vi aldri greie å oppnå ein totalomsetning som forsvarer kostnadene med å drive ein lågprisbutikk i Lom. Rema 1000 har fatta beslutninga i samråd med mine vurderingar, seier Skriden Tangen.

– Kva skal du til med nå?

– Eg trivst godt i denne jobben, og ser ikkje bort frå at eg kan ende opp att som kjøpmann i framtida.

– Er du involvert, på nokon måte, i det som skal inn i lokalet når Rema 1000 flytter ut i september?

– Nei.