– Eg trur pasientane vil sjå store fordelar ved det òg, inkludert pasientane frå Skjåk, seier Merete Byre-Haakensen, tillitsvalt for legane i Lom.

Har mange skjåkpasientar

Legekontoret i Lom har mange pasientar frå Skjåk.

– Vi ser at når det er ustabil legedekning i nabokommunen, er det mange der som vel å ha fastlege her i Lom, med det som resultat at listene våre blir fylt opp, slik at folk som eventuelt kjem flyttande til Lom ikkje har anledning til å velja fastlege her. Kapasiteten blir rett og slett sprengd.

Viktig å ha fast lege

– Mange vil nok tenkje at det er uaktuelt for innbyggjarane i Skjåk å gje slepp på legekontoret sitt der, men det faktum at svært mange i Skjåk vel å ha fastlege i Lom, tyder på at dette kanskje ikkje er så viktig likevel. Spesielt for dei som er kronisk sjuke betyr det nok meir å ha ein fast lege enn å ha legekontoret i same kommune. For desse pasientane er det viktigare å ha den same legen over tid, ein lege som kjenner historia di, slik at du slepp å fortelja det same gong etter gong til ulike legar. Det er attendemeldingar vi får, og eg forstår dei godt. Dersom ein skal til legen, må dei fleste uansett setja seg i bilen eller ha anna skyss – og da trur eg ikkje det spelar så stor rolle om bilturen går til Bismo eller til Lom, utdjupar Merete Byre-Haakensen.

At lomsordførar Bjarne Eiolf Holø tok til orde for ein ny debatt om felles legekontor i siste Fjuken, kom overraskande på legane i Lom.

Blir mindre sårbare

– For om lag eit år sidan hadde vi ein grundig gjennomgang av dette. Legane, både i Lom og Skjåk, var samde om at det ikkje er noko særleg å vinne på å samarbeide, med mindre ein er lokalisert på same helsesenter. Fyrst da får vi utnytta ressursane på ein god måte. Med to lokalitetar går ikkje det. Med felles kontor ville vi blitt mykje mindre sårbare fordi vi ville hatt fleire legar å spela på. Somme gonger er legane sjuke, er på kurs eller vidareutdanning, skal avvikle ferie, ha legevakt eller andre ting – og det kan sjølvsagt vera ei utfordring når ein er svært få på kontoret. Reint fagleg blir det óg mykje tryggare. Med eit felles legekontor blir fagmiljøet, naturleg nok, mykje sterkare. Det blir fleire å diskutere med, som kan koma med gode råd og innspel, og for pasientane blir det fleire legar å velja mellom. Legar vil ofte ha ulike interesse- og kompetansefelt og på den måten kan vi, dersom vi er i tvil når det gjeld ein pasient, diskutere problemstillinga med den legen som har mest erfaring innanfor akkurat dette feltet eller problemområdet – og som da er lokalisert i eit kontor ved sida av. Slike ting meiner eg vil gje ekstra tryggleik for pasientane med omsyn til å sikre best mogleg behandling og oppfølging, anten dei bur her eller der, seier Byre-Haakensen.

Kan endre seg også i Lom

I intervjuet med lomsordførar Bjarne Eiolf Holø sist veke, peikte han på at Lom har hatt stabile legar i fleire år. Han var òg inne på at det kom mange godt kvalifiserte søkjarar til den ledige legevikarstillinga som nyleg var utlyst. Merete Byre-Haakensen slår fast at situasjonen kan endre seg også i Lom.

– Det kom kvalifiserte søkjarar til stillinga, ja – men det er ei sterk overdriving å seia at det kom mange kvalifiserte søkjarar. Å få søkjarar til legestillingar i distriktet blir meir og meir utfordrande, også i Lom. Å tru noko anna vil vera naivt. Slik sett er Lom i ei heldig stilling slik situasjonen er per i dag. Rekrutteringsutfordringane er óg, etter mi meining, eit argument for å slå saman legekontora i Lom og Skjåk. Dess større fagmiljø, dess meir interessant kan det vera for legar å søkje seg hit, trur Byre-Haakensen.

– Vanskeleg å vera einig

– Det er vanskeleg å vera einig med Holø i at det beste for innbyggjarane i Skjåk er at legekontoret vårt blir lagt ned og flytta til Lom.

Det seier Sondre Morken Bøye, som er fagleg ansvarleg ved legekontoret i Skjåk.

– Ei eventuell samanslåing av legekontora i Lom og Skjåk, uavhengig av lokalisering, vil ha både fordelar og ulemper. Eit samla kontor vil nok vera meir personellmessig robust og ha større fagmiljø, men samstundes vil ein miste noko av nærleiken til innbyggarane - og det vil nok gjera mange utrygge. Det er langt til sjukehus, og eg tykkjer ein må ha forståing for at pasientar vil ha fastlegen i nærleiken. Eg har god tru på at vi skal kunne fortsetja å gje gode helsetenester til innbyggarane i Skjåk også i framtida, konkluderer Morken Bøye.