Det var klokka 17.30 onsdag ettermiddag at det vart meldt om skogbrann på Tolstadåsen.

Brannvesena frå Sel og Vågå rykka ut og angreip brannen frå kvar si side.

Vind og ulendt terreng gjorde sløkkingsarbeidet krevjande.

Brannmannskapa fekk utover kvelden hjelp frå Sivilforsvaret og to brannhelikopter. I tillegg stilte fleire friviljuge opp med motorsag for å felle tre i brannområdet, og med traktor og gjødselvogn for å køyre vatn.

Jarle Kleiven frå Lalm og Even Midtli frå Sel var to ungdommar som stilte opp med traktor og gjødselvogn for å køyre vatn inn i brannområdet.

Brannsjef Tom Are Nilstad i Sel brannvesen fortel torsdag morgon at fire personar frå Sivilforsvaret i Lom har halde vakt og drive med ettersløkking i natt.

Klokka 08.00 torsdag morgon, var nye brannmannskap på plass att i området.

Nilstad fortel at dei vil drive med ettersløkking utover dagen.

- Vi brukar termiske kamera for å leite etter varme punkt i bakken, og grev oss ned for å sløkkje desse, seier Nilstad.

Brannsjefen fortel at sløkkingsarbeidet var krevjande, i og med at brannområdet ligg 400 meter frå næraste skogsveg opp Tolstadåsen. I tillegg var det langt å få fram vatn.

Det er cirka fem mål med produktiv skog som gjekk med i skogbrannen på Tolstadåsen.