Det var i samband med ei trafikkulykke på E6 ved Fokstugu tidlegare i juli at ei drone hindra luftambulansen i å ta av med ein skadd person om bord.

Personell frå luftambulansen på Dombås hadde fullført behandling av den skadde personen, og var i ferd med å frakte vedkommande til sjukehus, da dei vart merksame på ei drone tett på skadestaden.

Helikopteret vart difor ståande på bakken inntil drona hadde landa. Det var ikkje fare for livet til pasienten om bord i dette tilfellet.

Politiet lukkast ikkje i å finne eigar av drona.

- Vi ynskjer ikkje at publikum skal fotografere på skadestader, og da særleg ikkje på ein slik måte at hjelpearbeidet blir forstyrra eller hindra, skriv Renate Zimmermann, leiar for felles eining for operativ teneste i Innlandet politidistrikt, i ei pressemelding.

Ho skriv at politiet oppfordrar på det sterkaste at publikum ikkje hindrar eller forstyrrar naudetatane sitt arbeid på ein skadestad. Zimmermann viser til gjeldande forskrift for flyging med modellfly, som også gjeld dronar.

Bruk av drone ved ambulanseheliikopteret fører til ein risiko for både helikopteret og dei om bord. Foto: Arkiv