Det seier Kjell Andersen (86) frå Vågå. Han var på toppen av Blåhø (1618 moh.) fyrste gongen som åtteåring. Sidan har det vorte mange turar, både vinter og sommar, på ski, til fots eller med bil.

Da siktskiva på Trollhø mellom Tesse og Lemonsjøen vart opna nyleg, tente dette ein gamal idé hjå Kjell. Nemleg ei siktskive på toppen av Blåhø for at turistane skal vite kva dei ser.

– Ein ser dei høgste fjelltoppane i Jotunheimen, Dovrefjell og Rondane frå Blåhø, seier Kjell Andersen.

Han håpar at nokon nå tek tak i denne ideen.

Kjell fortel at han var med på stikkinga av vegen innover Jettfjellet mot Blåhø. Vegen vart bygd fyrst på 1960-talet, i samband med utbygginga av sendaren på toppen.

– Den gongen tok eg kontakt med Sigurd Granrud som var kultursjef, før han vart ordførar, om ei slik siktskive på Blåhø. Eg var i kontakt med Televerket som sa seg viljuge til å bidra til dette, seier Kjell.

Det vart ikkje gjort noko meir den gongen av ideen til Kjell, og åra har gått.

Vegen til Blåhø er den tredje høgste bilvegen i Norge og ein av dei mest spektakulære bilturane ein kan gjere her i landet. Frå toppen blir ein løna med ei flott panoramautsikt i alle himmelretningar.

Kjell Andersen var mykje brukt som guide av Astrid og Knut Villa på Villa Hotell, der han var turbussar opp på Blåhø.

– For reiselivet betyr det mykje å reklamere med bilvegen opp og utsikta, seier Andersen.

Ideen til Kjell Andersen er ikkje ny. For nokre år attende sette Vågå kommune i gang eit arbeid for å profilere toppen og lage ei siktskive med dei mest kjende punkta på.

Informasjonskonsulent Roar Strand fortel at dette vart skrinlagt på grunn av økonomien.

Den 13,5 kilometer lange bomvegen frå Sandbakken og opp til Blåhø, er eit anna kapittel. Dei siste åra har ikkje vegen fått høg prioritet.

– Vi ser på Blåhøvegen som lågstandardveg. Den skal vere køyrbar, seier kommunalsjef Pål Inge Sanden.

Slik vegen er i dag, er det mogleg å køyre den med bil, men ein må avpasse farten og passe seg om ein har låg personbil.

– Bominntektene dekkjer ikkje utgiftene vi har på vegen, seier Sanden.

Toppen av Blåhø er den tredje høgaste bilvegen i Norge. Foto: Arve Danielsen/arkiv
Ein skal sjå sju prestegjeld frå toppen av Blåhø. Her mot Dovrebygda og Dovrefjell. Foto: Arve Danielsen/arkiv
Det er bratt opp den siste biten mot toppen. I bakgrunnen ligg Rondane. Foto: Arve Danielsen/arkiv