Ved 17.30-tida onsdag ettermiddag vart det meldt om skogbrann på Tolstadåsen, på Sel-sida.

Brannmannskap frå Otta og Vågå rykka ut til brannen.

Nå like etter klokka 19.00, melder Tom Are Nilstad, brann- og redningssjef i Sel, at dei ikkje har kontroll på skogbrannen.

Det brenn i eit område på 200 gonger 200 meter under ei kraftleidning.

- Det er vind, ulendt terreng og dårleg med vegar i området. Vi har fått ut vassutlegg, seier Nilstad.

Han fortel at Sivilforsvaret er varsla og at brannhelikopter er rekvirert.