– Av og til veit ein kanskje ikkje kor heldig ein er. I Vågå konsertserie presenterer vi god musikk som passar i stallen på Gammel-Kleppe. Og fordi vi likar Trio Mediæval, sendte vi ein epost og fekk ja. I sommar held dei konsertar i England, Austerrike, Polen, Belgia, Romania og på Gammel-Kleppe, seier Mette Vårdal.

Ho seier at denne konserten ikkje er kvardagskost, og absolutt verdt å få med seg. Det kan bli lenge til neste gong.

Vårdal fortel om ein svenske som har venta i 12 år på å få høyre trioen.

– No tek han turen til Vågå for endeleg å høyre Trio Mediæval på konsert, seier Vårdal.

Sidan starten i 1997 har Trio Mediæval spesialisert seg på framføring av middelaldermusikk, folkemusikk og nyskrivne verk.

Trioen har tilsaman sju utgjevingar på det tyske plateselskapet ECM Records.

Desse innspelingane har alle ligge på den amerikanske Billboard Top 10 Bestsellers List, og plata «Folk songs» var også Grammy-nominert. Plata «Aquilonis» frå 2014 vart kåra til eitt av årets25 beste klassiske album av avisa New York Times.

Trio Mediæval har gjeve konsertar og opptredd i radio og fjernsyn over heile Europa, USA, Canada, Japan og Sør-Korea.