Det er ein ekte brannbil som tysdag vart lagt ut på Finn.

Det er Vågå brannvesen som nå sel sin gamle kjære Dodge brannbil.

Brannbilen er ein Dodge Custom, 1978-modell. Den har ein kilometerstand på 11.844 kilometer.

Det vil seie at den 40 år gamle bilen i snitt har køyrt 296 kilometer i året.

I følgje annonsen går brannbilen som ein draum, og blir seld med pumpe.

Blåljos vil bli demontert dersom ikkje den som kjøper brannbilen kan dokumentere at den skal nyttast til utrykking og at ein har løyve til dette.