Vamp trivst nemleg ekstra godt i Lom og Ottadalen. Det fortel «sjefen sjølv», Øyvind Staveland.

– Eg meiner musikken vår kler naturen og omgjevnadene i Ottadalen ekstra godt. I tillegg har vi eit stort, godt og varmt publikum i området. Vi har spelt fleire konsertar i Nord-Gudbrandsdalen opp gjennom åra, og vi har spelt i Presthaugen før. Det er ein fantastisk flott konsertarena, rett og slett idyllisk, så dette gler vi oss skikkeleg til, seier ein entusiastisk Staveland til Fjuken.

I år er det 25 år sidan Vamp kom ut med sitt fyrste album: «God morgen, søster». Den velkjende songen «Tirn’a Noir» er frå dette albumet. Bandet har hausta mykje heider og ære opp gjennom åra, blant anna fem Spelemannsprisar og Prøysenprisen.

Det er turistverksemdene Nordal og Fossberg som skal arrangere konserten.