Ikkje berre strøymer friviljuge til, påmeldingane til tevlingane er også stor.

Tevlingsansvarleg under Landsfestivalen, Lena Kolden, kan melde som svært god påmelding til tevlingane og ikkje minst til dansespelet.

– Heile 58 lag og grupper har så langt meldt seg for å vera med å spele til dans, fortel ho.

Nytt av året er tevlingsklassa samspel. Det er åtte startande blant seniorar og fire startande i juniorklassa.

Lagspel durspel og trekkspel er komen for å bli, desse tevlar tordagskvelden.

– Når det gjeld tevling så blir durspel senior litt av ei racerklasse, seier Randi Rust. Her har 18 særdels dugande toraderspelmenn meldt seg. Denne klassa tevlar torsdag ved sidan av solo fele, hardingfele og andre instrument.

Fredag er den store lag-dagen. Det er 19 lag som spelar kvalifisering og seks av desse blir å høyre i finalen om kvelden. Det er 13 lagdanslag som stiller til start. Her er det ikkje finale. Det er det derimot hjå dei 39 para som har meldt seg til pardans. Dette går også føre seg fredag.

Heile 33 gamaldansgrupper stiller, med kvalifisering laurdag og finalespel om kvelden.