Arrangementet skjer dessverre ikkje i Skjåk, men på Starum på Lena.

– Vanlegvis er det klubbar som søkjer å få arrangere, og vi som såpass liten klubb har ikkje søkt. Vi har ikkje dei fasilitetane som trengst, seier styremedlem i Skjåk hestlag, Randi Grete Linnerud.

Likevel skal klubben nå arrangere eit meisterskap.

– Årets arrangør trekte seg, og da spurte trenaren min om ikkje Skjåk kunne stille som arrangør - og vi sa ja. Dette skal vi klare.

Mykje av det som må førebuast og vera i orden, er klart.

– I hestemiljøet i Noreg kjenner alle alle, og mange av utøvarane i NM skal ikkje berre delta, dei skal vera med å hjelpe til. Vi blir berre fire-fem frå Skjåk som dreg til NM, fortel Randi Grete.

Skjåk hestlag er ein klubb i vekst, og interessa for hest er aukande.

– Vi er på tur opp, og vi vil gjerne bli sett på som ein klubb som driv med sport på lik line med annan idrett, seier Linnerud.

Saman med hesten Lille Gutt skal ho sjølv vera med å konkurrere om NM-tittelen.

– Faktisk kan vi hevde oss i noregstoppen, - vi har håp om gjera det bra. Konkurransen er tredelt; der noregsmeisteren blir den som vinn alle tre disiplinane samanlagt, fortel Randi Grete.

Dei tre disiplinane er dressur, maraton og presisjon. Det er tre klasser i sportskøyring: Ponni, hest og par.

Forutan Randi Grete skal Malene Dagsgard og Rønnaug Sæther delta frå arrangørklubben. Malene og Randi Grete har også sin eigen klubb i klubben; Team Bastard - avdi hestane deira er nettopp det, blandingshestar.

Randi Grethe og hesten hennar har òg vore på fleire utstillingar og kokurransar, også utanlands.

– Lille Gutt er 15 år nå, men er jælma flink og ein skal ikkje sjå bort frå at vi ein dag kan kvalifisere oss for eit verdsmeisterskap.

Fyrst skal dei til NM på Toten - både som arrangør og deltakarar.

– Vi håpar at vi etter kvart kan få bygt både hall og ei bane til her i Skjåk. Da kan vi arrangere meisterskap og store stemne på heimebane, seier Randi Grethe Linnerud.