AV MONA FLATUM MOEN

Sist fredag var den andre av fire sumarkonsertar i «Ut i vår hage» i Ullinsvin.

Konserten ute på tunet i den gamle prestegarden baud på ein Staut aften med to av karane i Valdresbandet Staut.

Ti år gamle Anne Othilie Bakke varma opp for dei to valdrisane.

Akkompagnert av pappa Thomas framførde Anne Othilie tre nydelege songar.

Fyrst fekk vi høyre ei fin folkevise, så «City of stars» og til slutt den kjende «I’m yours».

Dei to karane i Staut; Gaute Lein Ausrød og Ørnulf Juvkam Dyve likte stemninga i Ullinsvin.

Valdresdialekt preger Staut og dei er godt kjende i landet med festmusikken sin. Denne kvelden fekk vi oppleve ein litt nedtona framføring av dei kjende låtane, som «Sjå sole», «Fjellrypa», «Evig din» «Valdresbrur» og blant anna ein av låtane til U2.

Dette vart ein intimkonsert, med snert av humor, sjarm og stor stemning. Vi fekk og høyre litt om historia bak låtane, og korleis gruppa Staut kom igang med spelinga.

Dette var andre konserten i «Ut i vår hage» i sommar. Neste konsert er Synvis den 20. juli og 10. august kjem Trond Granlund og Asle Beck.

Anne Otilie Bakke framførde tre nydelege songar, akkompagnert av pappa Thomas på gitar. Foto: Mona Flatum Moen
Vakkert, sårt, humoristisk og stemningsfullt av Gaute Lein Ausrød og Ørnulf Juvkam Dyve på tangentar. Foto: Mona Flatum Moen