Sundag ettermiddag heldt forfattar og tidlegare lektor Ivar Teigum foredraget «Reformasjonen i Lom» for eit godt knippe interesserte i Glømsdalstugu.

– Det er fint for meg å få halde foredrag om noko eg har vore oppteken av så lenge, men som folk eigentleg ikkje har prata så mykje om, innleidde Ivar Teigum, som fortalde ei artig – og eigentleg litt skummel – historie om kva hans brennande interesse for historie fekk han til å gjera som ung mann.

For om lag 50 år sidan arbeidde han tre somrar i Lom, i resepsjonen på Nordal. I friøktene var han som regel i Lomskyrkja.

– Lomskyrkja hadde ei tiltrekking både på meg og mange andre. Den gongen var det mindre trafikk enn i dag, og det var berre ein omvisar: Jarle Kjørren. Jarle og eg hadde mange trivelege stunder ihop, både innanfor kyrkja og utanfor. Vi var sjølvsagt interesserte i kyrkja og i sjølve bygget – og vi var interesserte i korleis kyrkja såg ut før ho vart utvida på 1600-talet. Ein augustdag fann vi ut at vi ville gå konkret til verks med dette. Utan å seia det til nokon, bestemde vi oss for å møtast i kyrkja midt på natta. Da skulle vi gjera våre eigne undersøkingar. Vi gjorde det på det viset at vi sette opp stearinljos på altaret og på andre strategiske plassar, slik at vi fekk ljossett den delen av kyrkja som er innanfor stolperekkja. På det viset vart det klart for oss korleis det gamle rommet såg ut. Ja, tenk det, stearinljos i Lomskyrkja midt på natta, det er sikkert skrekkeleg å høyre. Men det var spennande, vi gjennomførte det og vi kom ut att høgtidsstemde.

Ivar Teigum tok med seg publikum på ei spennande reise attende i tid, både før og etter reformasjonen i 1537. Spesielt interessant var det å høyre kor viktig religionen var for folk, at den åndelege dimensjonen, på godt og vondt, var ein integrert del av livet både for lomværar og andre.