Vekas jubilant

«Vekas jubilant» er faktisk to jubilantar - frå Vågå.
Nyheiter

Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på nettsidene våre kvar laurdag.

Denne vekas jubilantar er Henrik og Edvin Strømstad frå Vågå. Dei to fyller 10 år den 6. og 7. juli, og får gratulasjonar frå Gøril, mamma, pappa og Dennis. Bestemor og bestefar i Heidal helsar óg.

Henrik og Edvin kan vente seg ei pakke frå Fjuken ein av dei fyrste dagane.

Dersom du sender inn helsing i Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.