– Vi kan ikkje sleppe inn alle på ein gong. Vi må ordne det slik at publikum går inn puljevis. Anten det, eller så kjem golvet til å bryte ihop, lo Mathilde Skamsar, som presenterte alle kunstnarane som er med. Fleire av dei er debutantar, men alle har lokal tilknyting.

Mathilde Skamsar har prioritert med hard hånd. Det er nemleg slik at Skjåkutstillinga berre blir meir og meir populær. Derfor er det heller ikkje plass til alle som gjerne vil vera med.

– Fjoråret vart rett og slett ein stor opptur. Ikkje berre var utstillinga populær og ikkje berre var det stor trafikk – men eg fekk Skjåkprisen óg. Det gav meg verkeleg ein ny giv, fortalde Mathilde Skamsar, som siterte eit dikt av Jan-Magnus Bruheim som fortel kva kunst og Skjåkutstillinga eigentleg handlar om:

«Rikdomen er ikkje det vi eig, men det vi upplever».

Det var Susanne Brenna, kulturkonsulent i Skjåk kommune og ein god støttespelar for Skjåkutstillinga i alle år, som stod for den offisielle opninga av årets Skjåkutstilling.

Utstillarane i år er: Anne Sperstad Jakobsen, Ida Sperstad, Kari Utgaard, Sara Gloslie Basmoen, Silje M. Sperstad, Elin Åmodt, Bodil Daae, Randi Venke Flækøy, Anna Grande Melhus, Oddbjørn Ramstad, Inger Johanne Killi, Anna Strand, Mary Blikken Gravdahl, Brit Morken, Haldis Ofigsbø, Karen Melhus Dahl, Kari Brustugun, Nina Andrea Standerholen og Kine Wettergren.