– Dette vil nok jentene leva på heile livet. Dei har dansa i gatene med Brasil, dei har jubla saman med Israel, dei har fått juling på handballbanen av spanske topplag og dei har bada med nye vener frå Island. Stråhatten som vart delt ut til 5.000 spelarar er med i kofferten heim, oppsummerer lagleiarane i eit reisebrev til Fjuken.

Handballjentene frå Skjåk stilte opp på mange dugnader for å finansiere turen til Spania: Granollers Cup 2018. 58 lag frå heile verda var med i «cadett femini 16», klassa til skjåkjentene.

Skjåkjentene fekk ikkje «skrekken» da trekninga var over og det synte seg at dei mellom anna skulle møte Barcelona og Valencia, store klubbar som trenar fem gonger i veka. Jentene var tvert om i lykkerus over trekninga.

Opningseremonien var ei oppleving i seg sjølv, med gatefest, flagg, trommeshow, dans, song, liv og røre.

Kampen mot Barcelona vart ein hard batalje. Spanjolane hadde eit tempo skjåkjentene aldri før har opplevd.

– Spanjolane har óg eit litt anna temperament, så her vart det både klype- og kloremerke. Dette gjorde skjåkjentene litt forbanna og dei gjorde sin sterkaste kamp med uavgjort 17-17. Vi vart berre så stolte... Vesle, vesle Skjåk mot ein så stor klubb som Barcelona! skriv lagleiarane og fortel at kampane gjekk unna ein etter ein. Jentene fekk oppleva fine baner, dårlege baner, fine hallar og dårlege hallar – og dei spelte både utandørs og innandørs.

Skjåk var til slutt ute av turneringa, men opplevinga kunne ingen ta frå dei.

Trenar for dei spreke skjåkjentene er Guro Einbu.

Lagleiarar på turen var Hanne Forreløkken, Mariann Kvalheim, Hanne Stokke Moen, Yvonne Tuva, Toril Kvarberg og Kai Hugo Østengen.