Det vart trongt om plassen i busslomma ved Moagrenda i Vårdalen torsdag ettermiddag, etter kvart som politiet vinka inn den eine sportsbilen etter den andre.

Den 2. juli starta Atlantic Road Trip opp i Gøteborg, der Atlanterhavsvegen var eitt av måla på turen.

Turenattende gjekk om Åndalsnes, Trollstigen, Ørnefjellsvegen og Geiranger.

Da sportsbilane kom ut på riksveg 15 i Breidalen torsdag, var dette reine autostraden samanlikna med smale og svingete vestlandsvegar. Farten auka også deretter.

Det gjekk ikkje lang tid før politiet byrja å få telefonar frå andre bilistar som reagerte på køyring i stor fart og hasardiøse forbikøyringar.

Politipatruljen i Ottadalen var på veg oppover Ottadalen etter eit oppdrag i Vågå, og dei tok oppstilling i busslomma ved Moagrenda på riksveg 15.

Politiførstebetjent Johnny Gundersen fortel at den fyrste bilen dei stoppa, var ein Audi. Sidan kom sportsbilane på rekkje og rad.

- Totalt vart det vinka inn 11-12 bilar i busslomma, fortel Gundersen.

Han er opprørt over at dei utanlandske sjåførane totalt gjev blaffen i norske fartsgrenser og norske lover.

- Norske vegar er ikkje noko leikegrind, seier Gundersen.

Han seier at dei utanlandske sjåførane som deltek i «racet», fekk ein salig omgang med kjeft for køyringa.

Gundersen fortel at dei ikkje hadde bevis for fart eller kven som har køyrt bilane før dei vart stoppa. Difor kunne ikkje politiet gjere anna enn at dei fekk køyre vidare etter «halvannan time med  grov  kjeftskur». Politiet noterte personalia på alle sjåførane.

- Vi må ha bevis før vi kan bøtelegge, sjølv om ein får lyst til å klyppe sund førarkortet, seier Gundersen.

Blant sjåførane var det nasjonalitetar som Australia, Bulgaria, Sverige, Italia og Tyskland. Ein amerikanar som låg langt bak dei andre, vart stoppa på Fossbergom seinare på kvelden.

Gundersen fortel at ein gul Lamborghini som dei hadde fått flest meldingar om, stakk som bort.

- Vi fekk tommel opp og tilrop frå folk som køyrde forbi oss. Køyringa til gjengen hadde tydeleg opprørt folk, seier Gundersen.

Atlantic Road Trip går over seks dagar. Frå Ottadalen gjekk turen vidare over til Beitostølen, Sandefjord, Larvik og mål i København.