Det seier Jan Slålien frå Bøverdalen i Lom. Saman med Elin Husom Slålien, Hans Slålien og Kari Ramen har han etablert verksemda «Jotunheimen Panorama».

Målet er å by turistar og andre interesserte på eksklusiv teltovernatting med utsikt.

Teltet, som inneheld dobbeltseng, kvilestolar, tekjøken og kjøleskåp, skal plasserast på eit utsiktspunkt i nærleiken av Galdhøpiggen klatrepark og Raubergstulen.

– Vi ynskjer at du som overnattar hjå oss skal sitja att med eit minne om å ha vore nær den mektige naturen kring deg; midt imellom Jotunheimen og Breheimen - og at tankane har fått rom til å flyte, skriv Jotunheimen Panorama på si ferske heimeside.

Dersom alt går etter planen, skal det fyrste teltet vera klart til bruk 1. august. Kanskje kan det bli eit telt til òg – og kanskje kan det, på sikt, bli servering av litt mat og drikke.

– Vi får ta steg for steg, tenkjer eg. Konseptet er berre i startfasen, men vi har tru på det vi har sett i gang. I Rondane er det eit liknande opplegg, veit eg – og ikkje minst i Nord-Norge, der turistar overnattar ute i håp om å sjå nordljoset, fortel Jan Slålien.