Pengane kom ikkje frå lause lufta, men frå ein kar i Lom.

– Vi er svært glade og takksame. Det er overført heile 25.000 kroner til oss. Det er berre heilt fantastisk, seier ein glad Bjørner Husom, leiar i Lom & Skjåk Brass.

At pengane er kjærkomne, er det ingen tvil om. Lom & Skjåk Brass spelar nesten alltid gratis, uansett kva dei er ute på – og da er sjølvsagt bankkontoen så som så. Stort sett tom.

– Vi fekk inga melding på førehand. Det var kasseraren vår som fekk «sjokk» da pengane plutseleg dukka opp på konto, fortel Bjørner Husom.

Fjuken har vore i kontakt med gjevaren. Han ber om å få vera anonym.

– Eg har ikkje gjeve bort pengar fordi eg skal få namnet mitt i avisa eller merksemd av noko slag. Eg har gjeve bort pengar før óg, til andre. Det er slikt eg gjer ein gong i blant, og da er det best å få vera anonym, seier vedkomande.