Kommunebarometeret er ei samanlikning av kommunane i Noreg, basert på i alt 152 nøkkeltal innan 12 ulike sektorar.

Det er Kommunal Rapport som står bak Kommunebarometeret. Poenget er å gje beslutningstakarar ei tilgjengeleg oversikt over korleis korleis kommunane driv.

Tala er i hovudsak henta frå Statistisk sentralbyrå si Kostra-database for 2017. I tillegg er det henta ut offentleg statistikk frå ein del andre kjelder.

I hovudsak gjev Kommunebarometeret 2018 informasjon om drifta i 2017.

Utviklinga er negativ for dei tre kommunane i Ottadalen.

Vågå hamna på 343. plass i år, som er dårlegast av kommunane i Oppland. I fjor kom Vågå på 199. plass.

Lom har óg ramla nedover: 101. plass i år, mot 30. plass i fjor.

Heller ikkje Skjåk kan seia seg nøgde med resultatet: 260. plass. Det må ein kunne seia er ein kraftig nedtur frå i fjor, da Skjåk hamna på 63. plass.

Best i Oppland er Dovre kommune med 26. plass. Rett i hælane på Dovre kjem Østre Toten med 28. plass.

Best i heile landet: Førde kommune i Sogn og fjordane.