Landbruket i distriktet opplever den verste tørka sidan 1940-talet.

Nå går Eidefoss ut og vil hjelpe landbruket under tørkekrisa ved å levere straum utan forteneste til alle vatningsanlegg i sitt område for perioden juli og august.

Kraftselskapet fjernar effektleddet på nettleia for dei to månadene.

Sals- og marknadssjef Hanne C. Omvik fortel at dette utgjer 1 øre per kilowatt-time og eit fastbeløp på 25 kroner månaden.

- Dette er eit bidrag som Eidefoss kan koma med. Ein liten dugnad for å hjelpe situasjonen i landbruket, seier styreleiar Grete Sjurgard.

Ho fortel at i Eidefoss sitt område er det 270 vatningsanlegg som går på straum i dei fem kommunane i Nord-Gudbrandsdalen.

Torsdag ettermiddag hadde Eidefoss ein spottpris på 69,7 øre per kilowatt-time, i følgje Omvik.

Det var Gudbrandsdal Energi som starta denne dugnaden for landbruket i tørkeperioden.

- Skjåk  Energi har hatt eit liknande opplegg i mange år ved å ta bort effektleddet på nettleia til vatningsanlegg, fortel everksjef Lars-Egar Haugen.

Kraftprisen i Skjåk Energi til vatningsanlegg er på 35,63 øre per kilowatt-time inklusiv alle avgifter.

- Kraftprisen i Skjåk er spesielt gunstig i forhold til marknadsprisen no for tida, seier Haugen.