Nominasjonskomiteen for Hedmark og Oppland Sp har i dag sendt ut ei liste på 24 kandidatar til lokallaga, som komiteen meiner er dei  best kvalifiserte til å danne øvre del av fylkestingslista for Senterpartiet til det nye Innlandet fylkesting.

Ivar Odnes, leiar av nominasjonskomiteen, skriv i ei pressemelding at det er ei kandidatliste med ei god blanding av røynde og nye politikarar med god kompetanse og ei god geografisk fordeling som representerer heile det nye fylket.

- Komiteen er godt tilfreds med å ha så mange gode kandidatar å velgje i. Totalt har komiteen 68 kandidatar som har stilt seg til disposisjon for ein plass på den endelege fylkestingslista. Komiteen meiner også at lista har fleire kandidatar som kan aksle rolla som fylkesordførar i det nye Innlandet fylke, skriv Odnes.

Aud Hove frå Skjåk og Bengt Fasteraune frå Dovre er kandidatar frå Nord-Gudbrandsdalen.

Lokallaga har frist til 1. september å sende inn sin prioriterte liste.

Med bakgrunn i dette skal nominasjonskomiteen presentere sitt endelege listeforslag innan 15. oktober.

25. november blir det felles nominasjonsmøte for Hedmark og Oppland Sp for å vedta endeleg fylkestingsliste.

Dei 24 kandidatane i alfabetisk rekkjefølge:

Aashaug Ragnhild, Tolga          47 år. Nord-Østerdal

Bjørnstad Kjersti,  Gjøvik         34 år  Gjøvikregionen

Fasteraune Bengt,  Dovre.         54 år  Nord- Gudbrandsdal

Finden Ragnhild,   Stange.        49 år. Hedemarken

Furuberg Merete,   Grue.           63 år  Glåmdalen

Frang Olav,            Stange.        62 år. Hedemarken

Gjestvang Mari,    Ringsaker.     56 år Hedmarken

Haarr Margrethe,  Kongsvinger. 33 år Glåmdalen

Hove Aud,             Skjåk.           48 år  Nord- Gudbrandsdal

Hyllvang Lars Erik, Engerdal.   49 år.  Sør- Østerdal

Kaus Turi-Elise,    Ringebu.       52 år. Midt-Gudbrandsdal

Nohr Jesper,          Trysil.           21 år.  Sør-Østerdal

Nyberg Gry,          Åmot.            48 år  Sør-Østerdal

Oldre Bergljot,      Vang.             20 år  Valdres

Oulie Pål Arne,      Gran.             40 år. Hadeland

Rønaasen Ole Mathias, Grue.      25 år. Glåmdalen

Røssum Olav,        Nord-Fron.    55 år.  Midt-Gudbrandsdal

Sandtrøen Per Martin, Tynset.    32 år.  Nord-Østerdal

Skari Anne Marte,  Gran.            53 år.  Hadeland

Statsvold Kristin Storbråten, Nordre Land 23 år Gjøvikregionen

Sveen Torvild,        Gjøvik          43 år  Gjøvikregionen

Svelle Torleik,        Lillehammer 26 år  Sør-Gudbrandsdal

Vingelen, Leif,        Tolga.           45 år  Nord-Østerdal

Ødegård Haldor,     Vestre Slidre  55 år Valdres