Lom og Skjåk har hatt fleire runder om felles legekontor før, seinast under kommunereformarbeidet.

Stabilt i Lom

– I Lom er vi heldige. Vi har hatt stabil og god legeteneste over fleire år. I september skal den eine fastlegen vår ut i permisjon for å fullføre spesialistutdanninga si. Da det vart søkt etter vikar i denne stillinga, kom det fleire godt kvalifiserte søkjarar. Det er med andre ord attraktivt å søkje legestillingar i Lom, men når det er sagt: Det betyr ikkje at det vil vera slik for evig og alltid, påpeikar lomsordføraren.

Må tenkje langsiktig

– Det er viktig at vi i Lom og Skjåk kan sikre gode helsetenester til innbyggjarane våre på lang sikt. Situasjonen kan endre seg, og derfor er det så viktig å tenkje framover. Eg vil ikkje leggje skjul på at eg meiner eit felles legesenter for Lom og Skjåk, plassert i Lom, er det beste både for innbyggjarar og legar – i både Lom og Skjåk. For pasientane vil ein få fleire legar med spesialistutdanning – innan ulike felt – og legane vil få eit større og sterkare fagmiljø. Tenesta blir heller ikkje så sårbar når det er fleire å spela på. Legar kan òg bli sjuke, påpeikar lomsordføraren.

Problemfritt å byggje på

Helsesenteret i Lom er nytt og moderne.

– Eg kan ikkje sjå det skal vera noko problem å byggje på slik at vi får fleire legekontor. Da har vi med ein gong eit fellesskap saman med Skjåk. Det vil resultere i ei mykje større og sterkare legeteneste enn det vi, kvar for oss, har i dag. Derfor meiner eg det er på tide å ta opp att denne saka til ny vurdering, til det beste for både innbyggjarar og legar, utdjupar lomsordføraren.

Overraska skjåkordførar

Ordførar i Skjåk, Elias Sperstad, tykkjer utspelet frå lomsordføraren kjem noko overraskande.

– Det er berre rundt eit år sidan dette var tema. Da ein ikkje fann ein god nok måte å organisere det på – korkje for brukarar eller legar – vart tankane lagt på is. Når det er sagt, er eg ikkje avvisande til å starte diskusjonen på nytt. Det vi må ha i bakhovudet, er at lett tilgang til tenester er viktig for grupper med høgt forbruk av helsetenester. Med det som bakteppe, kan eg vanskeleg sjå føre meg at Skjåk blir utan eige legekontor.

Felles kommuneoverlege?

– Eg óg ser fordelar med felles legekontor, som styrka fagmiljø og økonomisk gevinst. Dersom vi skal starte ein ny prosess, må dette skje i samråd med legane. Dette er til sjuande og sist også eit politisk spørsmål. I fyrste omgang kan ein sjå på moglegheitene for etablering av felles kommuneoverlege, foreslår ordførar Sperstad.