Hærverk i ballbingen

Ballbingen ved Lalm skule har vore utsett for hærverk.

Hærverk Ballbingen på Lalm er ein populær plass både i skuletida og på fritida. Her ser ein der remsene er skore bort.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Før helga vart det oppdaga hærverk i ballbingen ved Lalm skule. Ei remse av kunstgrasdekket var skore bort.

Tysdag var ei ny remse av dekket borte.

– Ballbingen er ein populær plass, både i skuletida og på fritid, seier rektor Dag Nyøygard.

Han er lite glad for det som har skjedd. Han håpar at dei som har gjort det, tek kontakt slik at ein får ordna opp i saka.