– Å vera utan internett i 2018 er ei skikkeleg utfordring. Ikkje får vi levert rekneskapen, ikkje får vi betalt eller sendt rekningar, vi får nesten ikkje ordna noko som helst. Det som er skikkeleg frustrerande er at ingen tek ansvar for å ordne saka, sukkar Eivind Øvrelid.

Det var eit trefall som gjorde at ei telefonlinje datt ned og vart øydelagt. Det er Telenor som eig og har ansvar for telefonlinja. Hosar-gardane kjøper internett hjå Eidsiva, men Eidsiva seier dei ikkje kan få internett på fote att før Telenor ordnar linja.

– Den siste beskjeden eg fekk frå Eidsiva, var at Telenor har sagt at dei ikkje vil reparere linja. Det vart òg sagt at eg kan vente til det kjem fiber til grenda, det vil seia i 2019, seier Eivind Øvrelid.

Han ler litt av den håplause beskjeden, men mest av alt er han sint og frustrert. Blid er heller ikkje nabo Kristian Hosar. Han har dei vaksne ungane sine heime frå ferie, ungar som skal arbeide via nettet i sommar. Deriblant er det ei doktoravhandling som skal fullførast og leverast.

– Men det går ikkje. Dei er heilt avhengige av internett, så nå må dei køyre rundt både hit og dit for å få ordna den minste ting. Det er jammen pussig òg: Vi har hatt ei fungerande telefonlinje i grenda sidan 1920-talet, det vil seia i snart hundre år. Men i 2018 - da er det stopp.

Eivind Øvrelid og Kristian Hosar har dei siste dagane køyrt til vener og kjente for å ordne det dei må ordne.

– Vi har ringt Eidsiva fleire gonger, men dei skuldar som sagt på Telenor. For oss, som Eidsiva-kundar, spelar det ikkje nokor rolle kva for ein underleverandør Eidsiva legg skulda på. Vi betaler Eidsiva for ei teneste vi ikkje får, og det er Eidsiva som må ordne opp. Det er ikkje vår oppgåve å ringje Telenor, seier dei to karane, som er spent på når Eidsiva tek affære og ordnar problemet.

Eidsiva seier til Fjuken at dei tek saka på alvor og at dei arbeider for å finne ei god løysing for kundane som er ramma.

– Vi har tett dialog med Telenor, som vi i denne spesielle saka er avhengig av for å løyse, seier Lars Bjelvin, kommunikasjonsansvarleg i Eidsiva.