Det skriv Fylkesstyret i Oppland bonde- og småbrukarlag i høve fôrkrisa jordbruksnæringa er ramma av.

Den varme og tørre sommaren gjev ekstreme utfordringar. Den gjennomsnittlege norske grovfôravlinga ligg på om lag 50 prosent av normalnivået etter årets fyrsteslått. Vêrvarsla gjev dårlege prognosar for andreslåtten og fôrkrisa er for lengst eit faktum.

– Vi er dagleg i kontakt med fortvila bønder. Fleire ser nedslakting som einaste utveg. Dårleg nattesøvn og synkande motivasjon høyrer med blant symtoma på byrjande psykisk uhelse hjå næringsdrivande over heile landet. Den norske bonden har ein krevjande vinter og vår i vente. Kva kan vi gjera for å hjelpe kvarandre her og no? Vi oppmodar til lokal dugnad for å kartleggje og ta i bruk kvilande slåttemark og innmarksbeite til grovfôrhausting og beiting. For å kunne utvide beitesesongen på skog- og fjellbeite med god ettervekst på seinsommar og haust, oppmodar vi lokale grunneigar- og utmarkslag til å utsetja startdato for jaktsesongen 2018. Dette gjeld særleg i område med jakt på hare og elg, skriv fylkesleiar Trond Klaape på vegner av  Oppland bonde- og småbrukarlag.

– Fellesskapet med kaffekopp og kakuskive har snudd mang ein krisesituasjon til auka innsikt og nytt mot. Kvar delt bekymring kan bidra til å redusere den totale mengda av bekymringar. La fôrkrisa bli ein døropnar til auka solidaritet og samhald i heile jordbruksnæringa, på tvers av geografi, faglag og næringsorganisasjonar, oppmodar Oppland bonde- og småbrukarlag.