Etter at politiet vart tipsa om det ein mistenkte å vera svart arbeid, gjekk dei til aksjon på ein campingplass i distriktet.

Beslag

– Vi fann kontantar som vedkomande ikkje kunne svare for, men dei la korta på bordet og sa at dei hadde utført maleoppdrag for folk. Utan at dette arbeidet kunne dokumenterast på noko vis såg vi oss nøydde til å beslagleggje pengane, seier Jonny Gundersen hjå politiet i Ottadalen.

Målarane kom ikkje på namna på dei som hadde fått utført tenestene.

– Hadde vi fått namngjeve folk som hadde nytta seg av målarane, kunne det fått alvorlege konsekvensar, seier Gundersen som ber folk tenkje seg om før dei let seg lokke av billig arbeidskraft.

– Ikkje berre unnlet ein å oppfylle krava samfunnet stiller til kjøp av varer og tenester, ein gjer også ei bjørneteneste for dei som utfører svart arbeid. Dei risikerer å sitja att med null kroner etter endt arbeid, seier Gundersen.

I følgje dinside.no kjem svartarbeid inn under straff for skattesvik, som har ei strafferamme på opptil to års fengsel, i tillegg til eventuelle bøter.

– Vi vil på det sterkaste åtvare folk om å la seg lokke til å få utført svart arbeid, seier Jonny Gundersen.

– Det er straffbart å nytte seg av svart arbeid, seier Jonny Gundersen hjå politiet i Ottadalen. Foto: Hans Erik Kjosbakken