– Pengane har vi fått frå bygdefolket i samband med gravferder dei siste åra, fortel Kristine Berg, leiar i Lom demensforening.

Lom demensforening har kjøpt inn ein ergometersykkel som allereie er på plass.

– Fredly uttrykte ynskje om ein slik sykkel. Det kan vera både godt og sunt for dei demente, som gjerne er fysisk spreke, å få trimma litt i trygge omgjevnader. Å ha moglegheit til å røre seg litt er jo viktig for alle, seier Kristine Berg.

Lom demensforening har kjøpt meir: Blomekassar, bærbusker og kvilebenkar til sansehagen. Vidare har dei kjøpt inn bøker og musikk. Sistnemnde ser dei føre seg kan brukast om kvarandre, anten på Fredly eller på Dagsenteret.

Dagsenteret for heimebuande demente har óg fått det dei ynskjer seg, nemleg pengar til ekskursjonar. Stine Sva, som arbeider på dagsenteret, fortel dei i fyrste omgang har planlagt ein tur til Glittersjå.