Programserien, med Hjeltnes, stjernekokken Brimi og langrennsheltane Dæhlie og Ulvang, var eit TV2-fenomen på 90-talet. Etter eit langt avbrot frå tv-skjermen, var dei fire karane attende med fire program hausten 2017 – og sjåarane tok imot dei med opne armar. Over 860.000 sjåarar fekk med seg dei episodane.

Førebels er det for tidleg å seia når dei nye programma blir sendt, men gjengen er allereie godt i gang med opptak – og turen har gått til Nordland.

– Turen har gått til Skrova for å lage program frå den utruleg flotte kvalfangerøya, og vi har vore så heldige å få med Halvdan Sivertsen som gjest, fortel Arne Hjeltnes.

TV2 melder at det er for tidleg å seia kva andre destinasjonar – og gjestar – som blir å sjå i framtidige program.