Vågå kommune ved ordførar Iselin Vistekleiven og Knut Helge Rønning har signert ei avtale der Rønning fråtrer si stilling som rådmann i Vågå med verknad frå 30. september 2018.

«Vågå kommune og Knut Helge Rønning er enige om at arbeidsforholdet ikke har utviklet seg slik partene hadde forutsatt, og er derfor enige om å avslutte samarbeidet gjennom inngåelsen av denne avtale. Vågå kommune understreker at Rønning har den kompetanse man etterspurte ved ansettelse og at Rønning har utført sine arbeidsoppgaver på en god måte med de ressurser som stod til rådighet», står det i avtalen.

I avtalen som inneheld sju punkt, står det at Rønning avviklar ferie og permisjon med løn i oppsigelsetida og har såleis inga plikt eller høve til å arbeide for Vågå kommune i perioden frå avtala vart signert den 20. juni og fram til utløpet av oppsigelsestida.

Rønning får eit sluttvederlag tilsvarande 9 månaders løn, frå oktober 2018 til og med juni 2019.