Natt til førre sundag vart ei mengd blomekasser på Ulstad bru øydelagt og kasta på Bøvra. Administrasjonssjef Ola Helstad inviterte den eller dei som stod bak om å melde seg til kommunen, slik at dei i fellesskap kunne koma fram til ei minneleg løysing.

Det skjedde ikkje. Ingen «syndar» melde seg.

– Derfor er saka politimeldt. Frå nå av er dette ei politisak, stadfestar Ola Helstad.

– Kjem Lom kommune til å redusere pyntinga av sentrum som eit resultat av slike hendingar?

– Vi har ikkje gjeve opp å pynte i Lom sentrum, men det er klart vi må vurdere nivået, ressursane og tida vi brukar på det. Det er så harmeleg at somme vil øydeleggje noko som mange set pris på og som det ligg så mykje arbeid bak, svarar han.