Hans Graffer, leiar i Lom bondelag, karakteriserer situasjonen med eitt ord: Kritisk.

– Eg har prata med fleire gardbrukarar som slit. Hjå oss på Graffer er det òg for lite vatn. Bekkane er snart turre. Kvar dag er eg oppi bekken for å gjera mitt for å få ut dei skvettane som er att, men nå må vi berre håpe på regn.

Hans Graffer slår fast at det turre vêret er eit problem også for dei som faktisk har vatn.

– Gardbrukarane rekk ikkje over. Utviklinga har vore slik at det har vorte færre og færre gardbrukarar - med meir og meir jord. Når det er så turt som nå, er det nesten uråd å vinnast over. Eg hugsar far min somme gonger prata om «turrsommaren» i 1947. Kanskje er det ein slik sommar vi har nå? Det er urovekkjande å tenkje på at situasjonen er den same i heile Sør-Norge, for det betyr at det kan bli svært vanskeleg å få kjøpt fòr frå andre.

– Kva kan bli konsekvensane?

– I verste fall kan det bli naudsynt med nedslakting. Dyra må ha mat.

Erling Dagsgard, jordbruksrådgjevar i Skjåk, fortel at det så langt har gått bra i Skjåk.

– Dei aller fleste har vatn frå elva, så da går det greitt. Men vatnet frå fjellet tek det til å bli svært lite av nå, så vi må berre håpe på regn.

Jordbrukssjef Per-Ivar Weydahl i Vågå og Sel fortel at det er fleire gardbrukarar i Vågå som ikkje har vatnarvatn i det heile tatt.

– I Sel er det ganske bra, men i Vågå er det verre. Utan regn blir situasjonen kritisk, konkluderer han.