Måndag førre veka vart bilen til Stephan Nyhagen Olsen påkøyrd og bulka ved kyrkjegarden i Vågåmo der den stod parkert.

Stephan arbeider på kyrkjegarden i sommar, og parkerer bilen sin ved reiskapsgarasjen.

Han fortel at det var tydeleg spor etter ein vinraud bil som hadde køyrt inn i sida på bilen hans.

Det var ikkje lagt att lapp eller noko, og nå oppmodar Stephan at den som har køyrt på bilen hans, tek kontakt.

Han fortel at det er mange turistar som køyrer inn på kyrkjegarden ved reiskapsgarasjen og snur.

Stephan tykkjer det er harmeleg å få bulka bilen etter at han har brukt seks månader på å setje den i stand.