Politiet kontrollerte 18 sjåførar på riksveg 15 ved Moagrende i Vårdalen i Lom sundag efta.

Ein sjåfør vart anmeldt for køyring i påverka tilstand, og fekk førarkortet belaglagt.

Frå politiet får vi opplyst at mannen, ein familiefar, hadde vore i gjestebod på Vestlandet dagen før - og hadde att promille seint sundag efta.

Politiet tykkjer ikkje noko om at folk set seg i bilen dagen derpå og set seg sjølv, passasjerar og andre i fare når dei bør veta at dei ikkje er rusfrie.