Sundag morgon er det temmeleg fredeleg på festivalområdet. Særleg mange har ikkje reist ennå, og mange må nok vente ei god stund utpå dagen før dei kan setja seg bak rattet.

Som vanleg, kan ein seia, har countryfestivalen i Skjåk gått stille og fredeleg for seg.

At politiet ikkje har twitra om ein einaste episode, seier det meste om at det er ein fredeleg gjeng som festar på Skjåkøygarden.

– At ting går så bra som det gjer, skuldast fyrst og fremst den unike gjengen som arbeider saman med oss. Dei fleste har vore med år etter år, dei veit kva dei skal gjera og dei tek ansvar, seier Geir Ove.

Til ein kvar tid har 150 personar vore i sving sidan festivalen starta torsdag.

– Vi hadde sjølvsagt ikkje klart å gjennomføre dette utan folka vi har med, seier Lena Jenny.

Mange av medhjelparane er «fast tilsette» frå år til år, medan ulike grupper tek på seg vakter som ein dugnadsinnsats til inntekt for gruppa.

– Det aller aller beste med det heile er å sjå og prate med alle dei glade folka, seier Lena Jenny.

Geir Ove Melby ser likevel ei utfordring, som dei ynskjer å få gjort noko med; sanitæranlegg.

Arrangøren har ennå ikkje eksakte besøkstal, men ein ser ikkje bort frå at det kan dreie seg om rekordar når ein får summert det heile. Nær 600 campingeiningar var plassert på området i løpet av helga.