Landskappleiken i Trysil byrja onsdag med gruppespel, open klasse, spel fele B og C. Torsdag kveld vart resultatet offentleggjort.

I gruppespel senior gjekk Tufskrøkjun til topps i klassa. Synne Grothe, Kari Grøsland, Astrid Sulheim og Ann Kristin Odnes går frå eine kappleiksigeren til andre. Dei er ikkje så tufsete som namnet tilseier.

I spel fele B fekk Mari Midtli frå Sel og Otta spel- og dansarlag andreplass i klassa.

I spel fele C fekk Ragna Valde Sletten frå Vågå tredjeplass. Fem lomsjenter deltok også i denne klassa.  Ingebjørg Hammerdalen vart nummer fem, Iselin Anna Aukrust nummer åtte, Ragnhild Grøna nummer tolv, Lina Brenden nummer 13 og Magnhild Moen Helland nummer 16.

I gruppespel junior kom Feltrultun frå Lom på fjerdeplass.

I open klasse kom trioen Gjevre, Odde og Vårdal på tredjeplass, medan Breibeint med Vegar Vårdal vart nummer fire. Firo kom på sjetteplass.

Dei fire jentene frå Lom kom på fjerdeplass i gruppespel junior. Foto: Thomas Westling