Bebuarane på Skjåkheimen fekk ta del i countryfestivalen på sitt vis fredag efta.

Tre medlemar, og dermed halve gruppa, av bandet Hilljacks hadde teke turen frå Skjåkøygarden til sjukeheimen for å underhalde bebuarane der ein liten time.

Bebuarane var, som seg høver, utstyrt med cowboyhattar og var verkeleg med under konserten.

– Dette var rørande altså, seier arrangøren Lena Jenny Melby. Vi har tenkt på dette nokre år - å få til noko for dei gamle - og nå klarte vi det. Dette skal vi halde fram med, slår ho fast.

Countrygospel og stillfaren country fall tydeleg i smak på Skjåkheimen.