Laurdag inviterer DNT Oslo og Omegn til sommaropning i fjellet. På Gjendesheim turisthytte blir det stor fest der DNT Oslo saman med Riksantikvaren overrekkjer ei ny Historisk Vandrerute Jotunheimen i jubileumsgåve til Gjendesheim, Gjendebu, Torfinnsbu og Fondsbu.

På Gjendesheim turisthytte blir det ein ettermiddag og kveld full av kulturhistoriske høgdepunkt. Under opninga ynskjer folkemusikar Tone Jorunn Tveito og skodespelar Endre Skjåk velkomen og tek publikum med på i kulturhistorisk vandring langs den historiske vandreruta etappe for etappe, akkompagnert av Lasse Tronstad på bukkehorn og trompet og Vegard Moshagen på tangentar. «Reisa» blir  avslutta i Vinjeland ved Fondsbu med kjente dikt av Vinje.Aud Hove, fylkesvaraordfører i Oppland, vil fortelje om Jotunheimens kulturminne. Avduking av informasjonstavle og opning av Historisk vandrerute Jotunheimen ved Nils Øveraas (DNT) og Marit Huse (Riksantikvaren). Meir om sjølve ruta: Den historiske ruta lar deg vandre frå Gjendesheim til Fondsbu gjennom noko av Fjell-Norges flottaste natur - innramma av fjellsjøane Bygdin og Gjende.

Her er nokre av dei kulturhistoriske godbitane ein kan bli kjent med langs ruta:Gjendesheim: Jo GjendeBesseggen: Peer Gynt // BukkerittetMemurubu: Tre i Norge ved to av dem Gjendebu: Gjendine Slålien // Nasjonalromantiske kunstnararTorfinnsbu: Reist av materialane frå Tvindehougen - DNTs aller første hytte, tindesportens vogge i DNT-samanhengFondsbu/Eidsbugarden: Aasmund Olavson Vinje - Jotunheimens namnefar og DNT-stiftar.