– Dompe aktivitetspark er eit friareal som blir brukt av innbyggjarar i heile Vågå, og kan såleis ikkje likestillast med ein liten leikeplass knytt til eit bustadfelt. Dompe blir brukt jamnleg av barnehage og skule, og av andre innbyggjarar i Vågå, skriv Randi Merete Brennsletten, leiar i Dompe aktivitetspark, i eit brev til Vågå kommune som er stila til rådmann og kommunalsjefar.

Styret i Dompe aktivitetspark hadde møte den 25. juni, der det kom forslag om å avvikle Dompe aktivitetspark som velforeining.

I november 2016 sa det gamle styret i Dompe aktivitetspark opp sine verv og det vart danna eit nytt styre etter ynskje frå Vågå kommune.

I 2017 fekk Dompe aktivitetspark overført 10.000 kroner frå Vågå kommune, som dekte lønn til ein ungdom som vart hyra til å klyppe graset i Dompe sommaren 2017.

– Vi sendte oppmoding om utbetaling for plenklypping for 2018 i januar 2018 til rådmannen, og har også purra gjentekne gonger på utbetaling. Dette har vorte lova, men har ikkje vorte gjort noko med, skriv leiaren for aktivitetsparken.

I brevet viser Brennsletten til at det førre styret i Dompe bygde opp eit bygg med sitjeplassar og uthus der det kan lagrast plenklyppar, grill og utstyr.

Dompe aktivitetspark har ikkje medlemskontigent og såleis ikkje faste inntekter.

– Det vesle som kjem inn via vipps og grasrotordninga, blir ein dråpe i havet når ein skal koste på reperasjon av plenklyppar, vedlikehald og ordning av leikeplass, noko vi ser for oss at vi ikkje har økonomi til. Per i dag er sklia ikkje i forsvarleg stand, og det burde vore sand i sandkassa og ny bork under huskene. Plentraktoren fungerer ikkje og må til reperasjon nok ein gong, skriv Brennsletten.

På bakgrunn av dette ber styret i aktivitetsparken Vågå kommune om å ta på seg ansvaret for vedlikehald i Dompe framover. Alternativt, eit samarbeid knytt til det økonomiske.

Styreleiar Brennsletten ber om svar frå kommunen innan 1. august.

– Høyrer vi ikkje noko innan denne datoen, avsluttar vi Dompe aktivitetspark som velforeining i Brønnøysundregisteret. Kva som skjer med Dompe etter denne datoen, får bli opp til Vågå kommune å avgjere, skriv Randi Merete Brennsletten.