Arrangementet «Til Topps» er eit samarbeid mellom Røde Kors, Den norske turistforening, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og KS.

Over heile landet blir det etablert turgrupper der innvandrarar går saman mot eit mål. Det store målet er å koma seg til topps på Galdhøpiggen, men det er lagt opp til enklare turar i området óg – for dei som heller vil det.

I kveld, fredag, skal alle samlast til ein stor kulturfest i Presthaugen. Artistane LILJA og African Sunz skal syrgje for musikken.

– Vi ser at friluftslivet blir brukt meir og meir av innvandrarar som ein arena for å byggje nettverk, skape langvarige venskap, trene på å prate norsk og lære sitt nye lokalmiljø å kjenne. Ein bonus er at det blir betre folkehelse av det, seier Robert Mood, president i Norges Røde Kors.