– Turistane spør om Galdhøpiggen, Besseggen, dei spør kvar Bakeriet er – og ikkje minst spør dei kvar dei kan gå på do, ler Øyvind.

Det er Visit Jotunheimen som står bak turistinformasjonen på Coopen. Øyvind Volden har vore sommarhjelp der i fleire år.

26-åringen bur og studerer i Oslo, men stortrivst med å hjelpe turistar i heimbygda om somrane.