Trafikkuhell i Skjåk

Ein person er sendt til legesjekk etter eit trafikkuhell i Skjåk torsdag.
Nyheiter

Ulykka, ein påkøyrsel bakfrå, skjedde ved 12-tida, ved Ofossen bru.

Frå Innlandet politikammer får vi opplyst at ein av dei involverte følte seg uvel etter trafikkuhellet. Ambulansen tok derfor med seg vedkomande til ein sjekk på det lokale legekontoret.

– Det er truleg ikkje prat om alvorlege skader, fortel operasjonsleiar ved Innlandet politidistrikt.